lazarusholic

Everyday is lazarus.dayβ

Rekordhøgt kryptobeslag i Axie-saka

2023-02-16, Okokrim
https://www.okokrim.no/rekordhoegt-kryptobeslag-i-axie-saka.6585492-549344.html
#Cryptocurrency #News #AxieInfinity

Contents

Rekordhøgt kryptobeslag i Axie-saka
Økokrim har teke beslag i nærare 60 millionar kroner i kryptovaluta. Det er det største kryptobeslaget norsk politi nokon gong har gjort.
Det er òg blant dei største pengebeslaga som er gjort i Noreg. Beslaget er gjort i forbindelse med Økokrim si etterforsking av det digitale angrepet mot selskapet Sky Mavis og spelet Axie Infinity.
– Økokrim er gode til å følge pengar. Denne saka viser at vi òg har stor kapasitet til å følge pengane på blokkjeda, sjølv om dei kriminelle bruker avanserte metodar, seier førstestatsadvokat Marianne Bender.
I mars 2022 blei fem milliardar kroner i krypotvaluta stole frå spelet. Ifølge Federal Bureau of Investigation (FBI) er det den nordkoreanske hackergruppa Lazarus som står bak. Rett etter angrepet starta hackarane ein storstilt kvitvaskingsoperasjon, med svært sofistikerte meodar, som dei enno held på med.
Samarbeid over tidssoner
Økokrim har over tid arbeidd med å spore utbytte frå tjuveriet saman med internasjonale partnarar. …